
OM FILMEN: Moroa, moten og vennskapen: "Sex and the City 2" gjev deg alt og meir til når Carrie (Sarah Jessica Parker), Samantha (Kim Cattrall), Charlotte (Kristin Davis) og Miranda (Cynthia Nixon) tek nok ein stor bit av Det store eplet - og mykje meir - medan dei held fram med travle liv og kjærleiksliv i ein oppfølgjer som glitrar.
Kva skjer etter at du seier "ja"? Livet byr på alt damene nokosinne ønskte seg, men det hadde ikkje vorte nokon ”Sex and the City” om ikkje livet også hadde somme overraskingar på lur. Denne gongen er det i eit glamorøst, solfylt eventyr som tek damene frå New York til ein av dei mest luksuriøse, eksotiske og livlege stadene på kloden. Her varer festen døgnet rundt, og mystikken ventar kring kvart gatehjørne. Det er eit pusterom som kjem på heilt perfekt tidspunkt for dei fire vennene, som er i tradisjonelle roller som hustruer, mødrer og meir til. Det er roller dei også kjempar imot.
Nokre gonger må du berre stikke av saman med jentegjengen.